LibreOffice 25.2 Hjelp
Biletlinja vert vist når du set inn eller merkjer eit bilete i eit ark.
Denne knappen på biletverktøylinjaopnar filterlinja, som let deg bruka ulike filter på det valde biletet.
Viser ei liste over visingsattributta til det valde biletobjektet. Det innebygde eller lenkja biletobjektet i denne fila vert ikkje endra, berre visinga av objektet.
Bestemmer kor gjennomsiktig biletobjektet skal vera. Du kan velja verdiar frå 0 % (ugjennomsiktig) til 100 % (heilt gjennomsiktig).
Gjer at du kan klippa visinga av eit bilete som er sett inn. Det er berre visinga som vert klipt. Det vert ikkje gjort endringar i sjølve biletet som er sett inn. Klippefunksjonen er berre slått på når eit bilete er merkt.
I Impress og Draw kjem det ikkje opp noko dialogvindauge når du klikkar på knappen, men du kan sjå åtte klippehandtak rundt biletet. Opna sprettoppvindauget (høgreklikk) for det aktuelle biletet og vel Beskjer biletet viss du i staden ønskjer å bruka dialogvindauget for skjeringa.
Dra i eitt av dei åtte klippehandtaka for å beskjere biletet.
Let deg byta mellom ulike måtar å forankra eit objekt til dokumentet på.