LibreOffice 26.2 Hjelp
Bruk denne linja til å skriva inn formlar.
Viser referansen for den valde cella, celleområdet eller namnet på området. Du kan også velja eit celleområde og deretter velja eit namn for dette i namneboksen.
Opnar funksjonsvegvisaren som hjelper deg med å laga interaktive formlar.
Set inn ein celleområdefunksjon i den gjeldande cella. Klikk i ei celle, klikk på ikonet, vel funksjonen i nedtrekkslista og eventuelt juster celleområdet.
Legg ein formel til den valde linja. Trykk denne knappen og skriv inn formelen i inndatalinja.
Slettar innhaldet i inndatalinja, eller forkastar endringane du har gjort i ein gjeldande formel.
Skriv inn formelen du vil leggja til i gjeldande celle. Du kan òg klikka på knappen for funksjonsvegvisaren for å setja inn ein førehandsvald funksjon i formelen.
