LibreOffice 7.3 Hjelp
Formateringslinja inneheld grunnleggjande funksjonar for å bruka manuell formatering.
Vel om dialogvindauget for stilar skal visast eller gøymast. Der kan du også tildela og organisera stilar.
Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.
Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver LibreOffice dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.
Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.
Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.
Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.
Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna. Du kan også klikka her og laga ei markering for å endra tekstfargen. Klikk på pila ved sida av symbolet for å opna verktøylinja for skriftfarge.
Trykk på knappen Minka innrykk for å redusera venstreinnrykket på gjeldande avsnitt eller celleinnhald og setja det til førre tabulatorstopp.
Trykk på knappen Større innrykk for å auka venstreinnrykket på gjeldande avsnitt eller celleinnhald og setja det til neste tabulatorstopp.
Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.
Trykk for å opna ei verktøylinje der du kan velja ein bakgrunnsfarge for eit avsnitt. Fargen kan setjast inn i det gjeldande avsnittet eller i merkte avsnitt.
Brukar datoformat på dei valde cellene.
Brukar eksponentialformatet på dei valde cellene.
Dersom CTL-støtta er på, vert to ekstra ikon synlege.
Tekst vert skrive inn frå venstre mot høgre.
For språk som er formatert i kompleks tekst (CTL) vert teksten skrive inn frå høgre mot venstre