Verktøylinjer

Denne undermenyen viser kva for verktøylinjer som finst i rekneark.Dette er ei oversikt over standardoppsettet til verktøylinjene i LibreOffice.

Standardlinja

Standardlinja er tilgjengeleg i alle LibreOffice-program.

Formateringslinja

Formateringslinja inneheld grunnleggjande funksjonar for å bruka manuell formatering.

Verktøylinja

Bruk verktøylinja for å få tilgang til ofte brukte funksjonar.

Formellinja

Bruk denne linja til å skriva inn formlar.

Teiknelinja

Teiknelinja inneheld ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.

Biletlinja

Biletlinja vert vist når du set inn eller merkjer eit bilete i eit ark.

Linja «Eigenskapar for teikneobjekt»

Verktøylinja Eigenskapar for teikneobjekt inneheld formaterings- og justeringsfunksjonar for objekta du vel i reknearket.

Tekstformateringslinja

Tekstformatering-linja som vert vist når markøren er i eit tekstobjekt, for eksempel eit skrivefelt eller eit teikneobjekt, inneheld kommandoar for formatering og justering.

Menylinja for førehandsvising av utskrift

Menylinja Førehandsvising a utskrift kjem fram når du trykkjer Fil → Førehandsvising av utskrift.

Statuslinja

Statuslinja viser informasjon om det gjeldande reknearket.

Set inn

Trykk på pila ved sida av ikonet for å opna verktøylinja Set inn. Der kan du finna bilete og spesialteikn du kan bruka i dette arket.

Klassifiseringsverktøylinja

Klassifikasjonslinja inneheld verktøy for å sikra handsaminga av dokumentet.

Verktøylinja for klassifisering inneheld listeboksar som hjelper deg å setja tryggingsnivå for dokumentet i høve til BAF-kategoriretningslinjene ogBAILS-nivå. LibreOffice legg til tilpassa felt i dokumenteigenskapane (Fil → Eigenskapar, fana for tilpassa eigenskapar) for å lagra klassifiseringsretningslinjene som metadata for dokumentet.

Støtt oss!