Ark
Denne menyen inneheld funksjonar for å handsama ark og arkelement.
Set inn rader over eller under den aktive cella.
Set inn ein ny kolonne til venstre eller til høgre for den aktive cella.
Denne kommandoen let deg setja inn manuelle rad- og kolonneskift, så du kan vera sikker på at dataa vert skrivne ut slik du vil. Du kan setja inn eit vassrett sideskift over, eller eit loddrett sideskift til venstre for den aktive cella.
Slett celler
Slettar dei markerte cellene, kolonnane eller radene fullstendig. Cellene under eller til høgre for dei sletta cellene vil fylle tomrommet. Merk at slettevalet vert lagra og sett opp på nytt neste gong dialogvindauget vert brukt.
Vel kva slags sideskift du vil sletta.
Fyller automatisk celler med innhald.
Slett innhald
Innhaldet som skal slettast frå den aktive cella eller det aktive celleområdet Alle arka som er valde vert påverka.
Flytter eller kopierer eit ark til ei ny plassering i dokumentet eller til eit anna dokument.
Viser ark som tidlegare er gøymde med Gøym-kommandoen.
Slettar dette arket etter å ha spurt om stadfesting.
Farge på arkfane
Opnar eit vindauge der du kan gje farge til arkfana.
Knyter makroar til programhendingar. Desse makroane køyrer automatisk kvar gong den valde hendinga vert brukt.