LibreOffice 25.2 Hjelp
Med funksjonane i menyen Data kan du redigera data i det gjeldande reknearket. Du kan velja område, sortera og filtrera data, rekna ut resultat, utheva data eller laga ein pivottabell.
Sorterer dei valde radene etter vilkåra som du gjev.LibreOffice kjenner automatisk att og vel databaseområde.
Sorterer dataa i det valde feltet eller celleområdet i stigande rekkjefølgje. Tekstfelt vert sorterte alfabetisk og talfelt vert sorterte etter tala.
Sorterer dataa i det valde feltet eller celleområdet i synkande rekkjefølgje. Tekstfelt vert sorterte alfabetisk og talfelt vert sorterte etter tala.
Filtrerer automatisk det merkte celleområdet og lagar boksar med ei liste i der du kan velja elementa du vil visa.
Oppdaterer eit dataområde som er sett inn frå ein ekstern database. Dataa i arket vert oppdaterte slik at dei svarar til dataa i den eksterne databasen.
Opnar ein undermeny for å oppretta eller redigera ein pivot-tabell. Ein pivot-tabell gjev ei oppsummering av store mengder data. Deretter kan du omorganisera pivottabellen for å visa ulike samandrag av dataa.
Reknar ut delsummane for dei kolonnane du har merkt.LibreOffice brukar SUM-funksjonen for å rekna ut delsummen og totalen i eit etikettområde automatisk. Du kan òg bruka andre funksjonar for å utføra utrekninga. LibreOffice kjenner automatisk att eit definert databaseområde når du plasserer skrivemerket i det.
Datainnskivingsskjema er eit verktøy for å gjera det enkelt å skriva inn tabelldata i rekneark. Med skjemaet for å skriva inn data kan du skriva inn, redigera og sletta postar (eller rader) og unngå vassrett rulling når tabellen har mange kolonnar eller når nokre kolonnar er svært breie.
Skjemaet har støtte for opptil 32 kolonnar.
Opnar dialogvindauget for «Tekst til kolonnar» der du skriv inn innstillingar for å fordela innhaldet av dei merkte cellene over fleire celler.
Kombinerer data frå eitt eller fleire uavhengige celleområde og reknar ut eit nytt område ved å bruka funksjonen som du gjev.
Du kan laga ein disposisjon for dataa dine og gruppera rader og kolonnar slik at du med eit enkelt klikk kan visa og gøyma gruppene.