Verktøy
Menyen Verktøy inneheld kommandoar for å kontrollera stavemåte, for å spora arkreferansar, finne feil og definera scenario.
Du kan òg laga og tildela makroar og tilpassa verktøylinjene, menyane, tastaturet og oppgje standardinnstillingane for programma i LibreOffice.
Sjekkar stavinga manuelt.
LibreOffice kan automatisk kontrollera staving medan du skriv og streka under ord som kan vera feilstava med ein raud krøllstrek.
Du kan bruka synonymordboka for å slå opp synonym og relaterte termar.
Opnar ein undermeny der du kan velja språkbestemte kommandoar.
Vel innstillingar for å byta ut tekst automatisk medan du skriv.
Sladding av eit dokument blokkerer ord eller delar av dokumentet for autorisert bruk eller vising.
Bruk automatisk sladding for å definera ord og mønster som automatisk vert merkte for sladding.
Lèt deg laga eit biletkart med lenkjeområde (hotspots) i eit bilete eller ei gruppe av bilete. Eit biletkart er eit bilete med ulike område som kan lenkjast til kvar sine adresser.
Opnar eit dialogvindauge der du kan løysa ei likning med ein variabel.
Opnar dialogvindauget for problemløysaren. Ein problemløysar let deg løyse matematiske problem med fleire ukjente variablar og eit sett med avgrensingar på variablane ved målsøkjande metodar.
Denne kommandoen aktiverer reknearket sin detektiv. Ved hjelp av denne kan du spora samanhengar frå den gjeldande formelcella til andre celler i reknearket.
Vel eit scenario for det merkte arkområdet.
Inneheld kommandoar for å slå på modus for utforming av skjema, opna kontrollvegvisaren og setja inn skjemakontrollelement i dokumentet.
Deling av rekneark gjer det mogleg for fleire brukarar å opna det same reknearket samstundes.
Kommandoen Vern ark eller Vern reknearkstrukturen gjer at det ikkje kan gjerast endringar i reknearket eller ark i dokumentet. Du kan også definera eit passord for vernet slik at brukaren må skriva inn dette passordet for å kunna gjera endringar.
Let deg ta opp eller organisera og redigera makroar.
Inspiserer objekt i LibreOffice-dokument og viser UNO-tenester som støttar desse, i tillegg tilgjengelege metodar, eigenskapar og implementerte grensesnitt.
Utvidingshandteraren kan leggja til, fjerna, kopla på eller av og oppdatera LibreOffice-utvidingar.
Tilpass LibreOffice menyar, sprettoppmenyar, snartastar, verktøylinjer og makrotildelingar til hendingar.
Dette menyvalet opnar eit dialogvindauge for oppsett av programmet.