Set inn
Menyen Set inn inneheld kommandoar for å setja inn nye element, for eksempel bilete, tekstboksar, objekt, media, cellenamn og mykje meir i det gjeldande arket.
Opnar eit dialogvindauge for val av filer for å setja inn eit bilete i det gjeldande dokumentet.
Set inn eit diagram.
Minidiagram er små datadiagram viste inne i ei celle.
Opnar ein dialog der du kan velja kjelda for pivottabellen og deretter lage tabellen.
Undermenyen inneheld ulike kjelder bilete, audio og video kan setjast inn frå.
Set eit innebygd eller lenkja objekt inn i dokumentet, inkludert formlar, QR-kodar og OLE-objekt.
Denne undermenyen inneheld vanlege former som linje, sirkel, trekant, kvadrat eller symbolformer som smilefjes, hjarta og blomar som kan setjast inn i dokumentet.
Opnar funksjonsvegvisaren som hjelper deg med å laga interaktive formlar.
Let deg namngje dei ulike delane av reknearket. Ved å namngje dei ulike delane kan du enkelt navigera gjennom reknearka og finna informasjonen du leitar etter.
Tekstfelt
Teiknar ein tekstboks med vassrett tekstretning der du dreg i dokumentet. Dra ein tekstboks til den storleiken du vil ha, kor som helst i dokumentet, og skriv eller lim inn teksten. Du kan rotera teksten ved å rotera tekstboksen.
Set inn ein merknad rundt den merkte teksten, presentasjonslysbilete, teikneside eller der markøren er i eit rekneark.
Set inn ei flytande ramme i det gjeldande dokumentet. Flytande rammer vert brukte i HTML-dokument for å visa innhaldet i ei anna fil.
Opnar dialogvindauget for Fontwork slik at du kan setja inn tekstutformingar som ikkje er tilgjengelege i standardformateringane for tekst.
Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera hyperlenkjer.
Gjer at brukaren kan setja inn teikn frå eit område med symbol funne i dei installerte skrifttypane.
Opnar ein undermeny for å setja inn spesielle formateringsteikn som hardt mellomrom, mjuk bindestrek og mjukt linjeskift.
Dato
Set den gjeldande datoen inn i cella.
Klokkeslett
Set det gjeldande klokkeslettet inn i cella.
Felt
Opnar ein undermeny for å velja dato, arknamn eller dokumenttittel i cella.
Gjer at du kan tilpassa og formatera topp- og botntekstar.
Denne undermenyen inneheld kontrollelement som for eksempel tekstfelt, avkryssingsboksar, valknappar og listeboks som kan setjast inn i dokumentet.
Set inn ein grafisk boks som representerer ei signaturlinje for dokumentet.