Vis

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å velja korleis dokumentet skal visast på skjermen.

Normal

Viser normalvisinga av arket.

Sideskift

Brukargrensesnitt

Opnar dialogvindauget for å velja ønskt grensesnitt slik at du kan velja utforminga av grensesnittet for LibreOffice.

Verktøylinjer

Opnar ein undermeny for å visa eller gøyma verktøylinjer. Ei verktøylinje inneheld knappar og val som gjer det lett å bruka LibreOffice-kommandoar.

Formellinja

Viser eller gøymer formellinja, som vert brukt til å laga og redigera formlar. Formellinja er det viktigaste verktøyet når du arbeider med rekneark.

Statuslinja

Viser eller gøymer statuslinja nedst i vindauget.

Kolonnebokstavar og radnummer

Viser kolonnebokstavar og radnummer.

Vis rutenett

Slår visinga av rutelinjene av og på på det gjeldande arket.

Rutenett og hjelpelinjer

Slår rutenettet og hjelpelinjene av og på for å gjera det enklare å flytta og plassera objekt på arket.

Verdiutheving

Visa celleinnhald i ulike fargar avhengig av type.

Vis formel

Vis formeluttrykket i cella i staden for resultatet.

Del

Delar vindauget ved det øvre venstre hjørne av den merkte cella.

Frys rader og kolonnar

Deler arket ved øvre venstre hjørne av den merkte cella. Området oppe til venstre vert fryst, slik at det ligg i ro medan du brukar rullefelta.

Frysa celler

Frys den første kolonnen eller den første rada i det gjeldande reknearket.

Sidepanel

Sidepanelet er eit loddrett panel som du kan bruka for å setje eigenskapar, stilhandsaming, vise dokumentstrukturen og mediagalleriet aktuelle for det gjeldande dokumentet.

Stilar

Bruk feltet «Stilhandsamar» i sidepanelet for å leggja stilar til celler eller sider. Du kan bruka, oppdatera eller endra eksisterande stilar eller laga nye.

Galleriet

Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.

Dokumentstruktur

Slår av eller på visinga av dokumentstrukturen. Dokumentstrukturen er eit vindauge som kan festast.

Funksjonsliste

Opnar ei rute i sidepanelet med ei liste som viser alle funksjonane som kan setjast inn i dokumentet.

Datakjelder

Viser ei liste over databasar som er registrerte i LibreOffice og let deg handsama innhaldet i databasane.

Fullskjerm

Viser eller gøymer menyane og verktøylinjene i Writer og Calc. Trykk på Fullskjerm eller trykk på Esc-tasten for å gå ut av fullskjerm-visinga.

Skalering

Forminskar eller forstørrar skjermvisinga av LibreOffice.

Støtt oss!