Rediger

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å endra innhaldet i det gjeldande dokumentet.

Angra

Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.

Gjenopprett

Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angra-steget du vil gjera om att.

Gjenta

Gjentek den siste handlinga. Denne kommandoen er tilgjengeleg i Writer og Calc

Klipp ut

Fjernar og kopierer utvalet til utklippstavla.

Kopier

Kopierer utvalet til utklippstavla.

Lim inn

Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja format.

Menyen for «Lim inn utval»

Set innhaldet i utklippstavla inn i den gjeldande fila i eit format som du kan velja sjølv.

Merk alt

Merk alt innhaldet i fila, ramma eller tekstobjektet.

Vel

Opnar ein meny for spesifikke arkval.

Søk

Slår visinga av Søk-linja på slik at du kan søkje etter tekst eller flytte deg rundt i eit dokument ved hjelp av element.

Søk og byt ut

Finn og erstattar tekst eller format i det gjeldande dokumentet.

Spor endringar

Viser ei liste over tilgjengelege kommandoar for å spora endringar i fila.

Celleredigeringsmodus

Slår på redigering direkte i cellene.

Du kan endra eller fjerna lenkjer til eksterne filer i det gjeldande dokumentet. Du kan også oppdatera innhaldet i den gjeldande fila til slik det var sist ho vart lagra. Kommandoen gjeld ikkje for hyperlenkjer og er berre tilgjengeleg viss det gjeldande dokumentet ikkje inneheld lenkjer til andre filer.

OLE-objekt

Let deg redigera eit merkt OLE-objekt som du har sett inn i fila med kommandoen Set inn → OLE-objekt.

Redigeringsmodus

Gjer at du kan redigera eit skriveverna dokument eller ein databasetabell. Bruk valet Redigeringsmodus for å slå på redigeringsmodus.

Støtt oss!