LibreOffice 7.4 Hjelp
Dette er funksjonar som gjeld dokumentet du arbeider med, opning av nytt dokument og avslutting av programmet.
Viser ei liste over nyleg opna filer. Trykk på filnamnet for å opna ei fil frå lista.
Hjelper deg med å laga formelle og personlege brev, faksar, saklister, presentasjonar med meir.
Lagrar og organiserer fleire versjonar av dokumentet i same fil. Du kan óg opna, sletta og samanlikna tidlegare versjonar.
Lagrar den gjeldande fila som Portable Document Format (PDF) versjon 1.4. Ei PDF-fil kan visast og skrivast ut på alle plattformer utan å endra originalformateringa viss dei nødvendige programma er installerte.
Lagar ein mellombels kopi av det gjeldande dokumentet i HTML-format, opnar standard-nettlesaren og viser HTML-fila i nettlesaren.
Skriv ut det gjeldande dokumentet, utvalet eller sidene du ønskjer. Du kan også setja innstillingane for utskriving av det gjeldande dokumentet. Innstillingane for utskriving kan variera etter kva skrivar og operativsystem du brukar.
Vis eigenskapane til dokumentet, med statistikk slik som talet på ord og når det vart oppretta.
Legg til og fjernar digitale signaturar til og frå dokumentet. Du kan òg bruka dialogvindauget til å visa sertifikat.
Lukkar alle LibreOffice-program og bed deg om å lagra endringane. Denne kommandoen finst ikkje på macOS-system.