LibreOffice 7.4 Hjelp
Desse menyvala finst i rekneark.
Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.
Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.
Dette er funksjonar som gjeld dokumentet du arbeider med, opning av nytt dokument og avslutting av programmet.
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å endra innhaldet i det gjeldande dokumentet.
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å velja korleis dokumentet skal visast på skjermen.
Menyen Set inn inneheld kommandoar for å setja inn nye element, for eksempel bilete, tekstboksar, objekt, media, cellenamn og mykje meir i det gjeldande arket.
Formatmenyen inneheld funksjonar du kan bruka til å formatera merkte celler, objekt og celleinnhald i dokumentet.
Med funksjonane i menyen Data kan du redigera data i det gjeldande reknearket. Du kan velja område, sortera og filtrera data, rekna ut resultat, utheva data eller laga ein pivottabell.
Menyen Verktøy inneheld kommandoar for å kontrollera stavemåte, for å spora arkreferansar, finne feil og definera scenario.