LibreOffice 25.2 Hjelp
Året i ein dato vert ofte skrive inn som to siffer. Internt arbeider LibreOffice med fire-sifra år. Difor vert tidsrommet frå 1.1.99 til 1.1.01 rekna ut korrekt til to år.
I LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice → Generelt kan du definera det tidsrommet som skal brukast når du skriv inn eit år med berre to siffer. Standardverdien er 1930 til 2029.
Dette betyr at viss du skriv inn datoen «1.1.30» eller høgare, vert det tolka som 1.1.1930 eller høgare. Alle lågare to-sifra år vert tolka som år i det 20. hundreåret. For eksempel vert «1.1.20» til 01.01.2020.