Bruka jokerteikn i formlar

Jokerteikn er spesialteikn som kan brukast i søkjestrenger som vert sende som argument til nokre Calc-funksjonar. Dei kan også brukast til å definera søkjekriterium i dialogvindauget Søk og byt ut. Bruken av jokerteikn gjer det mogleg å definera meir avanserte søkjeparameterar med éin enkelt søkjestreng.

LibreOffice Calc støttar anten jokerteikn eller regulære uttrykk som argument, avhengig av gjeldande programinnstillingar. Som standard er LibreOffice Calc sett til å støtta jokerteikn i staden for regulære uttrykk.

tip

For å vera sikker at jokerteikn vert støtta, gå til og sjå etter om det er merkt av for Tillat jokerteikn i formlar . Ver merksam på at du kan bruka dette dialogvindauget for å bytta til regulære uttrykk ved å velja Bruk regulære uttrykk i formlar eller velja å ikkje støtta jokerteikn eller regulære uttrykk.


Desse jokerteikna vert støtta:

Jokerteikn

Skildring

? (spørjeteikn)

Samsvarar med kva einskildteikn som helst.. Søkjestrengen «b?k» vil finna for eksempel «buk» og «bok», men ikkje «bork» eller «laks»

Ver merksam på at søket ikkje vil finna «bk» sidan «?» må samsvara nøyaktig eitt teikn. Jokerteiknet «?» svarar ikkje til eit nullteikn-treff.

* (asterisk)

Samsvarar med kva teiknsekvens som helst, inkludert ein tom streng. For eksempel vil søkjestrengen «*kast» finna «kast», «innkast» og «utkast», men ikkje «utkastar» ved å bruka standard LibreOffice-innstillingar.

Viss det ikkje er merkt av for Søkjekriterium = og <> må gjelda heile celler i , vil «*kast» også finna «utkastar».

~ (tilde)

Opphever den spesielle meininga til eit spørjeteikn, ein asterisk eller ein tilde som kjem rett etter tilde-teiknet

For eksempel vil søkjestrengen «kvifor~?» finna «kvifor?» men ikkje «kvifor» eller «kvifor~s».


tip

Jokerteikn vert støtta av LibreOffice Calc og Microsoft Excel. Difor, viss det er nødvendig med interoperabilitet mellom begge programma, må du difor velja å arbeida med jokerteikn i staden for regulære uttrykk. Viss du ikkje treng ta omsyn til dette, bør du vurdera å bruka regulære uttrykk for å få kraftigare søkjemoglegheiter.


Støtta reknearkfunksjonar

Jokerteikn vert støtta av desse reknearkfunksjonane:

Eksempel på jokerteikn i formlar

I dei følgjande eksempla går ei ut frå at det er merkt av for Tillat jokerteikn i formlar og Søkjekriterium = og <> må gjelda heile celler i .

=TEL.VISS (A1: A10; "Chi*") tel kor mange celler i området A1: A10 som inneheld strenger som byrjar med «Chi» etterfølgd av ingen eller fleire teikn.

=SUMMER.VISS (A1: A5; "A ??"; B1: B5) summerer verdiane i B1: B5 viss dei tilsvarande verdiane i A1: A5 byrjar med «A» etterfølgd av nøyaktig to andre teikn.

note

Jokerteikn-samanlikningar skil ikkje mellom store og små bokstavar, difor vil «A?» finna både «A1» og «a1».


Støtt oss!