Setja inn eksterne data i tabellar (nettspørjingar)

Ved hjelp av importfilteret Nettsideførespurnad (LibreOffice Calc) kan du setja inn tabellar frå HTML-dokument i eit Calc-rekneark.

Du kan bruka den same metoden for å setja inn namngjevne område frå eit Calc- eller Microsoft Excel-rekneark.

Følgjande metodar er tilgjengelege for innsetjing:

Setja inn ved hjelp av eit vindauge

  1. Plasser markøren i cella der det nye innhaldet skal setjast inn.

  2. Vel Ark → Eksterne lenkjer. Dette opnar vindauget Eksterne data.

  3. Skriv inn adressa til HTML-dokumentet eller namnet på reknearket. Trykk på Enter når du er ferdig. Trykk på -knappen for å opna filveljaren.

  4. Vel dei namngjevne områda eller tabellane du vil setja inn frå den store lista i vindauget.

  5. Du kan også setja at områda eller tabellane skal oppdaterast kvart n-te sekund.

Importfilteret kan laga namn til celleområde ved filtreringa. Mest mogleg av formateringa vert teke vare på, men filteret lastar ikkje inn bilete.

Setja inn ved hjelp av dokumentstrukturen

  1. Opna to dokument: LibreOffice Calc-dokumentet som dei eksterne data skal setjast inn i (måldokumentet) og dokumentet som dataa kjem frå (kjeldedokumentet).

  2. Opna dokumentstrukturen i måldokumentet.

  3. Vel kjeldedokumentet i kombinasjonsboksen nedst i dokumentstrukturen. Dokumentstrukturen viser nå områdenamna og databaseområda eller tabellane som kjeldedokumentet inneheld.

  4. Vel dramodusen Set inn som lenkje Ikon i dokumentstrukturen .

  5. Dra dei ønskte eksterne dataa frå dokumentstrukturen inn i måldokumentet.

Dersom du har lasta eit HTML-dokument med filteret Nettsideførespurnad som kjeldedokument, finn du tabellane i dokumentstrukturen med namn stigande frå «HTML_1» og oppover, i tillegg til to namngjevne område som er laga:

Redigera dei eksterne dataa

Støtt oss!