LibreOffice 26.2 Hjelp
Namn i Calc kan innehalda bokstavar, tal og understrek. Namna må byrja med ein bokstav eller ein understrek.
Andre tillatne teikn:
understrek (_)
Namna kan ikkje vere dei same som cellereferansane. For eksempel er namnet A1 ikkje gyldig fordi A1 er ein cellereferanse til cella øvst til venstre.
Namn må ikkje byrja med bokstavane C eller R med eit tal etter. Bokstavane C og R kan heller ikkje brukast åleine som namn.. Sjå ADRESSE-funksjonen for meir informasjon.
Namn på celleområde kan ikkje innehalda mellomromsteikn. Derimot er mellomromma lovlege i namn på ark og dokument.
Ein god måte å gjera referansar til celler og celleområde i formlar forståelege, er å gje områda namn. For eksempel kan du kalla området A1:B2 for Start. Då kan du skriva formlar som «=SUMMER(Start)». Sjølv etter at du har sett inn eller sletta rader eller kolonnar, vil LibreOffice finna igjen dei namngjevne områda. Områdenamn kan ikkje innehalda mellomrom.
For eksempel er det mykje lettare å lesa ein formel for moms dersom du kan skriva «=Verdi * MVA» i staden for «=A5 * B12». I dette tilfellet måtte du ha gjeve celle A5 namnet «Verdi» og celle B12 namnet «MVA».
Bruk vindauget Skriv inn namn for å gje formlar eller delar av formlar du brukar ofte eit namn. Slik namngjev du eit område:
Merk ei celle eller eit celleområde, vel så Ark → Namngjevne område og uttrykk → Skriv inn. Vindauget Skriv inn namn vert då opna.
Skriv inn namnet for det valde området i feltet Namn og trykk på knappen Legg til. Det nyleg definerte namnet vert nå vist i lista nedanfor. Trykk på OK for å lukka vindauget.
Du kan også namngje andre celleområde i vindauget ved å skriva inn namnet i feltet og så merkja dei tilhøyrande cellene.
Dersom du skriv inn namnet i ein formel, får du opp heile namnet som eit tips etter at du har skrive inn nokre få bokstavar.
Trykk på Enter for å godta namnet som vert føreslått i tipset.
Viss fleire namn byrjar med dei same teikna, kan du bla framover gjennom alle namna med KommandoCtrl + Tabulatortasten og bakover med Shift + KommandoCtrl + Tabulatortasten.
Du kan gje eit enklare og meir gjenkkjenneleg namn til eit langt eller komplekst formeluttrykk.
Vel Ark → Namngjevne område og uttrykk → Skriv inn. Dialogvindauget Skriv inn namn kjem då opp.
Skriv inn namnet på formeluttrykket i feltet Namn.
Skriv inn formeluttrykket i feltet Område for formeluttrykk. Viss du for eksempel har gjeve formelen namnet HYP, kan du skriva inn uttrykket SQRT(A1*A1 + B1*B1) for å rekna ut avstanden mellom to punkt i eit plan. Ikkje skriv likskapsteiknet (=) framføre uttrykket.
Trykk Legg til. Det nye namnet dukkar opp i lista nedanfor. Trykk «OK» for å lukka vindauget.
Skriv inn namnet på den namngjevne formelen i den ønskte cella. Verdien i cella vert resultatet av formelen. Skriv for eksempel =HYP() for å rekna ut formelen ovanfor. Merk at du kan ikkje setja inn parametrar i ein namngjeven formel.
Namnekonvensjonar gjeld for namngjevne formlar. Du kan bruka absolutte og relative referansar. For eksempel når den namngjevne formelen vert kopier og limt inn.