LibreOffice 24.8 Hjelp
For kvar celle kan du definera gyldige verdiar. Ugyldige verdiar i ei celle vert avviste.
Valideringsregelen vert brukt når ein ny verdi vert skrive inn. Dersom det alt er sett inn ein ugyldig verdi i cella, eller dersom du set inn ein verdi i ei celle anten ved å dra og sleppa han eller ved å kopiera og lima, vert ikkje valideringsregelen brukt.
Du kan når som helst velja Verktøy → Sporing og velja kommandoen Marker ugyldige data for å visa kva celler som inneheld ugyldige verdiar.
Marker cella du vil gi ein ny valideringsregel for.
Vel
.Skriv vilkåra for nye celleverdiar som skal skrivast inn i cellene inn i fana Kriterium.
Vel ei innstilling frå lista Tillat.
Viss du vel «Heiltal», vert ikkje verdiar som «12,5» tillatne. Vel du «Dato» vert datoar tillatne både i det lokale formatet og som seriell dato. På same måte tillet vilkåret «Tid» verdiar som «12.00» eller serielle tidstal. «Tekstlengd» betyr at celler berre kan innehalda tekst.
Vel «Liste» for å skrive inn ei liste med gyldige verdiar.
Vel neste vilkår under Data. Avhengig av kva du vel, kan fleire val verta tilgjengelege.
Etter at du har bestemt vilkåra for cellegildskap, kan du bruka dei andre to fanene til å laga meldingsfelt:
På fana Hjelp om inndata skriv du inn tittelen og teksten til hjelpetipset som vert vist når cella er markert.
På fana Feilmelding vel du kva som skal skje dersom dataa ikkje er gyldige.
Dersom du vel «Stopp» som handling, vert ugyldige data ikkje aksepterte og det førre celleinnhaldet vert ikkje endra.
Vel «Åtvaring» eller «Informasjon» for å visa eit dialogvindauge der dataa kan verta avviste eller godtekne.
Dersom du vel «Makro», kan du du ved å bruka knappen Bla gjennom bestemma kva makro som skal køyrast når det vert skrive inn ugyldige data.
For å visa feilmeldinga, vel Vis feilmelding når ugyldige verdiar vert skrivne inn.
Når du har endra handlinga for ei celle på fana Feilmelding og lukka vindauget ved å trykkja på OK, vert endringane verksame først når du har merkt ei anna celle.