LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan bruka sjølvvalde funksjonar i LibreOffice Calc på desse måtane:
Du kan laga dine eigne funksjonar i Basic. Dette krev grunnleggjande kunnskap om programmering.
Du kan programmere funksjonar som tillegg. Dette krev avanserte kunnskapar om programmering.
Vel
.Du vil nå sjå Basic-IDE-en.
I vindauget for objektkatalogar dobbeltklikkar du på modulen der du ønskjer å lagra makroen.
Skriv inn funksjonskoden. I dette eksempelet definerer vi ein funksjon VOL(a; b; c) som reknar ut volumet til eit rektangel med sidelengdene a , b og c :
Function VOL(a, b, c)
VOL = a*b*c
End Function
Lukk Basic-utviklingsmiljøet.
Funksjonen vert automatisk lagra i standard-modulen og er nå tilgjengeleg. Viss du brukar funksjonen i eit Calc-dokument som skal brukast på ein annan datamaskin, kan du kopiera funksjonen til Calc-dokumentet slik det er forklart i neste avsnitt.
I andre delen av «Laga ein funksjon med LibreOffice Basic» trykte du på Rediger i vindauget Makro. Som standard er modulen Mine makroar → Standard → Modul1 vald i Makro frå. Biblioteket Standard er lagra lokalt i brukarmappa.
Viss du vil kopiera den sjølvlaga funksjonen til eit Calc-dokument, gjer du det slik:
Vel
.I feltet Makro frå vel Mine makroar → Standard → Modul1 og trykk på Rediger.
Marker kjeldekoden i Basic-utviklingsmiljøet og kopier den til utklippstavla.
Lukk Basic-utviklingsmiljøet.
Vel
.Vel (Namn på Calc-dokumentet) → Standard → Module1 i feltet Makro frå. Trykk på Rediger.
Lim innhaldet av utklippstavla inn i Basic-utviklingsmiljøet for dokumentet.
Når du har definert funksjonen VOL (a; b; c) i Basic-IDE, kan du bruka han på same måte som dei innebygde funksjonane til LibreOffice Calc.
Opna eit Calc-dokument og legg inn tal for funksjonsparameterane a, b og c i cellene A1, B1 og C1.
Plasser markøren i ei anna celle og skriv inn dette:
=VOL(A1;B1;C1)
Funksjonen vert rekna ut og resultatet vert vist i den valde cella.