Formatera tal som tekst

Du kan formatera tal som tekst i LibreOffice Calc. Opna sprettoppmenyen til ei celle eller eit celleområde og vel Formater celler → Tal, vel så «Tekst» i lista Kategori. Tal som nå vert skrivne inn i det formaterte området vert tolka som tekst. Visinga av desse «tala» vert venstrejustert slik som annan tekst.

Dersom du alt har skrive inn vanlege tal i ei celle og deretter endrar celleformatet til «Tekst», vert tala verande vanlege tal. Dei vert ikkje gjort om til tekst. Berre tal skrive inn eller endra etter formatendringa vert til tekst.

Dersom du vil skriva inn eit tal som skal handsamast som tekst, skriv ein apostrof (') framføre talet. For eksempel kan du skriva inn år som kolonneoverskrifter slik: «'1999», «'2000» og «'2001». Apostrofen vert ikkje vist i cella, men indikerer at det som vert skrive inn skal tolkast som tekst. Dette er praktisk om du for eksempel skal skrive inn telefon- eller postnummer som byrjar med ein null (0), fordi nullar i byrjinga av eit tal vert fjerna i vanlege talformat.

Støtt oss!