LibreOffice 24.8 Hjelp
Calc har delsums-verktøyet som eit meir omfattande alternativ til DELSUM-funksjonen. I motsetnad til DELSUM, som berre fungerer på ein enkelt matrise, kan delsums-verktøyet laga delsummar for opptil tre matriser arrangert i merka kolonnar. Det grupperer også delsummar etter kategori og sorterer dei automatisk og eliminerer dermed behovet for å bruka autofilter og filterkategoriar manuelt.
Slik set du inn delsummar i eit rekneark:
Merk celleområdet for delsummane du vil rekna ut. Hugs å ta med kolonneoverskriftane. Alternativt kan du klikka på ei enkelt celle for å lata Calc finna området automatisk .
Vel
for å opna dialogvindauget for delsummar.I nedtrekkslista Gruppert etter på sida for den Første gruppe vel du ein kolonne etter kolonnenamnet. Oppføringar i celleområdet frå steg 1 vert gruppert og sortert etter samsvarande verdiar i denne kolonnen.
I området Rekn ut delsummane for på sida Første gruppe, vel du ein kolonne som inneheld verdiar du vil finna delsummar for. Viss du seinare endrar verdiar i denne kolonnen, reknar Calc automatisk dette ut på nytt.
I området Bruk funksjon i den første gruppa, vel du kva funksjon som skal brukast for å rekna ut delsummane for kolonnen som vart vald i steg 4.
Gjenta steg 4 og 5 for å rekna ut delsummane for andre kolonnar på den første gruppesida.
Du kan laga to delsumskategoriar til ved å bruka fana for Andre gruppe og Tredje gruppe og gjenta steg 3 til 6. Viss du ikkje vil leggja til fleire grupper, må du setja dei ubrukte gruppene til gruppert etter «-ingen-».
Trykk OK. Calc vil leggja til delsum og talet på rader i celleområdet.
Når du brukar delsum-verktøyet, set Calc inn ein disposisjon til venstre for radnummerkolonnen. Denne disposisjonen viser den hierarkiske strukturen til delsummane dine og kan brukast til å gøyma eller visa data på ulike nivå i hierarkiet ved hjelp av dei nummererte kolonneindikatorane øvst i disposisjonen eller gruppeindikatorane, viste med teikna pluss (+) og minus (-) .
Denne funksjonen er nyttig viss du har mange delsummar, fordi du ganske enkelt kan gøyma detaljar på lågt nivå, for eksempel individuelle oppføringar, for å gje eit samandrag av data på eit høgare nivå.
For å slå av disposisjon, vel
. Vil du gjenopprette dei, vel du .