Bruka avanserte filter

  1. Kopier kolonneoverskriftene til områda som skal filtrerast til eit tomt område i arket. Skriv så inn kriteria for filteret i rada under overskriftene. Data ordna vassrett i ei rad vert alltid logisk kopla med OG, medan data ordna loddrett i ei kolonne alltid vert kopla logisk med ELLER.

  2. Når du har laga ei filtermatrise, merk områda som skal filtrerast. Opna dialogvindauget Avanserte filter med Data → Fleire filter → Avansert filter og definer filtervilkåra.

  3. Når du nå trykkjer OK, ser du at berre radene frå det opphavlege arket som samsvarar med søkjekriteria vert viste. Alle andre rader vert mellombels gøymde, men kan visast igjen ved å velja Format → Rad → Vis.

Eksempel

Opna eit rekneark med mange oppføringar. Vi brukar eit fiktivt dokument over omsetning, men du kan bruka kva dokument som helst. Dokumentet er utforma slik:

A

B

C

D

E

1

Månad

Standard

Firma

Luksus

Suite

2

Januar

125600

200500

240000

170000

3

Februar

160000

180300

362000

220000

4

Mars

170000

og så vidare …


Kopier rad 1 med radoverskriftene (feltnamna) til for eksempel rad 20. Skriv inn filtervilkåra kopla saman med ELLER i radene 21, 22 osv.

A

B

C

D

E

20

Månad

Standard

Firma

Luksus

Suite

21

Januar

22

<160000


Dette gjer at berre rader som anten har verdien Januar i cella Månad ELLER ein verdi lågare enn 160000 i cella Standard vert viste.

Vel Data → Filter → Avansert filter og vel så området A20:E22. Når du trykkjer på OK, vert berre radene som samsvarar med dei filtrerte radene viste. Dei andre radene er gøymde.

Støtt oss!