Bruka sorteringslister

Sorteringslister let deg skriva inn noko informasjon i ei celle og så dra for å fylla inn ei etterfølgjande liste med element.

Skriv for eksempel inn teksten «jan.» eller «januar» i ei tom celle. Merk cella og trykk på handtaket nedst til høgre på kantlinja til cella. Dra den markerte cella nokre celler til høgre eller nedover. Når du slepp museknappen, vert dei merkte cellene fylte med månadsnamna.

Hald nede -tasten dersom du ikkje vil fylle cellene med ulike verdiar.

Dei førehandsdefinerte seriane finn du under → LibreOffice Calc → Sorteringslister. Du kan også laga dine eigne lister med tekststrengar tilpassa behova dine, for eksempel ei liste over firmaet sine filialar. Når du seinare skal bruka informasjonen frå desse listene, for eksempel som overskrifter, er det nok å skriva inn det første namnet i lista og utvida posten ved å dra han med datamusa.

Støtt oss!