Bruka scenario

Eit scenario i LibreOffice Calc er eit sett med celleverdiar som kan brukast i utrekningar. Alle scenarioa har eit namn. Lag fleire scenario i det same arket, alle med ulike verdiar i cellene. Då kan du lett byta mellom setta med celleverdiar ved å bruka namna og sjå resultatet straks. Scenario er et verktøy for å prøva ut «kva om»-spørsmål.

Lage eigne scenario

Du kan lage eit scenario ved å markera alle cellene som leverer data til scenarioet.

  1. Merk cellene som inneheld verdiane som vert endra mellom scenarioa. Du merkjer fleire celler ved å halda nede medan du klikkar på kvar celle.

  2. Vel Verktøy → Scenario. Dialogvindauget Lag scenario vert opna.

  3. Skriv inn eit namn på det nye scenarioet og la dei andre felta ha standardverdiane sine. Trykk OK for å lukka vindauget. Det nye scenarioet er aktivert automatisk.

Bruka scenario

Du kan velja scenario i dokumentstrukturen:

  1. Opna dokumentstrukturen med knappen Dokumentstruktur Dokumentstruktur på standardlinja.

  2. Klikk på knappen Scenario Scenario-icon i vindauget for dokumentstruktur.

I dokumentstrukturen kan du sjå dei scenarioa som er laga, med merknadane som vart skrivne inn då scenarioa vart laga.

Merknadsikon

Om du vil vite kva for verdiar i scenarioet som påverkar andre verdiar, vel Verktøy → Sporing → Finn avhengige. Du kan då sjå piler til cellene som er avhengige av den valde cella.


Støtt oss!