Bruka avrunda tal

I LibreOffice Calc vert alle desimaltal viste avrunda til to desimalar.

For å endre dette for markerte celler

  1. Merk cellene du vil endra.

  2. Vel Format → Celler og vel fana Tal.

  3. I feltet Kategori vel du Tal. I Innstillingar endrar du Tal på desimalar og trykkjer OK.

For å endre dette over alt

  1. Vel → LibreOffice Calc.

  2. Gå til sida Rekn ut. Rett talet på desimalar og lukk vindauget ved å trykkja på OK.

Å rekne med avrunda tal i staden for med nøyaktige verdiar

  1. Vel → LibreOffice Calc.

  2. Gå til sida Rekn ut. Rett talet på Presisjon som vist og lukk vindauget ved å trykkja på OK.

Støtt oss!