LibreOffice 25.2 Hjelp
Valet av namn på arka er viktig for å laga oversiktlege og lett forståelege rekneark.
Namnet på ark er uavhengig av namnet på reknearket. Du skriv inn namnet på reknearket første gongen du lagrar det.
Slik kan du gje eit ark nytt namn:
Høgreklikk på arkfana for å opna sprettoppmenyen og vel
. Det kjem opp eit dialogvindauge der du kan skriva inn det nye namnet. Du kan også opna dialogvindauget ved å dobbeltklikka på arkfana.Skriv inn eit nytt namn for arket og trykk OK.
Alternativt kan du halda nede tasten OptionAlt og trykkja på eit arknamn og skriva namnet rett inn.
Dokumentet kan innehalde opp til 10 000 ulike ark, som alle må ha unike namn.
Du kan bruka nesten kva teikn som helst i arknamnet unntatt desse:
kolon :
bakoverstrek \
skråstrek /
spørjeteikn ?
asterisk *
venstre hakeparentes [
høgre hakeparentes ]
apostrof (enkelt hermeteikn) ' som første eller siste teikn i namnet
Enkelt hermeteikn er Uniccode U+0027 vert som oftast kalla apostrof. Andre enkle hermeteikn som liknar på apostrof, for eksempel ʼ ‛ og ‚ kan også brukast.
Du kan setja opp eit prefiks for namngjevinga av nye ark ved å velja og skriva inn prefikset i Prefiksnamn for nytt ark.
I cellereferansane må namn på ark stå mellom enkle hermeteikn (apostrofar ') dersom namnet inneheld teikn som ikkje er alfanumeriske eller understrek. Er det apostrof i eit namn, må du doble teiknet (to apostrofar).
Viss du for eksempel vil visa til celle A1 i eit ark med namnet Jens' rekneskap.
Tilvisinga må skrivast mellom apostrofar og apostrofen i namnet må doblast: 'Jens''s rekneskap'.A1