Fjerna duplikatverdiar

Tenk deg at du har ein enkelt kolonne som kan innehalda dupliserte verdiar. Slik kan du fjerna duplikata og ha berre unike verdiar i kolonnen:

  1. Merk området som duplikata skal fjernast frå. Verdiane må vera i ei enkelt kolonne.

  2. Gå til Data → Fleire filter → Standardfilter. Dette opnar dialogvindauget Standardfilter.

  3. I Feltnamn må du kontrollera at den valde kolonnen er kolonnen som verdiane er lagra i. Viss det er merkt éin enkelt kolonne, vert dette feltet sett automatisk.

  4. I Vilkår vel du innstillinga = (likskapsteikn), som er standardinnstillinga.

  5. Vel Ikkje tom i Verdi.

  6. Trykk på Val og vel Ingen duplikat. Viss den første verdien er kolonneoverskrifta, merk av for Området inneheld kolonneoverskrifter.

  7. Merk av for Kopier resultat og bruk inndatafeltet under for å gje ei celleadresse der dei unike oppføringane skal leggjast inn.

  8. Trykk OK. Dei unike verdiane i området vert skrivne inn frå den cella som vart vald i det førre steget.

note

Valet Ingen duplikat skil mellom store og små bokstavar. Difor vert «A» og «a» rekna som ulike verdiar.


Støtt oss!