Adresser og referansar, absolutte og relative

Cellereferansar

Ei enkeltcelle vert identifisert av arket ho høyrer til i, kolonneidentifikatoren (bokstaven) på toppen av kolonnane og ein radidentifikator (talet) på venstre side av reknearket. På rekneark som vert lesne frå venstre til høgre, er den fullstendige referansen for den øvre, venstre cella i arket Ark.A1.

Celleområde

Du kan referera til eit sett med celler ved å referera til dei i område. Område kan vera ei blokk med celler, heile sett med kolonnar og heile sett med rader. Området A1:B2 er dei fire første cellene i øvre, venstre hjørne av arket. Område A:E inneheld alle cellene i kolonne A, B, C, D og E. Område 2:5 inneheld alle cellene i rad 2, 3, 4 og 5.

Referansen til ei celle i eit anna dokument inneheld det fullstendige namnet på det andre dokumentet mellom enkle hermeteiknn ('), deretter hashteiknet # og så namnet på arket til det andre dokumentet, etterfølgd av eit punktum og namnet på eller referansen til cella.

For eksempel, .

note

Stien og dokumentnamnet URI må alltid vera omslutta av enkle hermeteikn. Viss det er enkle hermeteikn i namnet, må du setja inn to enkle hermeteikn ('') i staden for det eine (escaping). Arknamn kan ikkje setjast i hermeteikn viss det ikkje inneheld eit mellomrom eller eit teikn som er ein operator, eller at namnet er eit tal, for eksempel så må '123' setjast i hermeteikn.


Referanseoperatorar

Desse operatorane returnerer eit celleområde med ingen, ei eller fleire celler.

Område har høgast prioritet, deretter snitt og til slutt union.

Operator

Namn

Eksempel

:

Område

A1:C108, A:D eller 3:13

!

Snitt

SUMMER(A1:B6!B5:C12)

Reknar ut summen av cellene i snittet mellom dei to områda. I dette eksempelet summen av cellene B5 og B6.

~

Lenking eller union

Tek to referansar og returnerer ei referanseliste der den andre referansen er lagt til etter den første referansen. Doble oppføringar vert referert til to gongar.

=TAL.PÅ(A1:B2~B2:C3) tel verdiane for A1:B2 og B2:C3. Merk at cella B2 vert tald to gongar.

=INDEKS(A1:B2~C1:D2;2;1;2) vel celle C2, det vil seia den første cella i den andre rada, første kolonnen, i det andre området (C1:D2) ) av områdelista.


note

Det er ikkje lov å bruka ei referanseliste inne i eit matriseuttrykk.


Relative adresser

Cella i kolonne A, rad 1 vert adressert som A1. Du kan adressera eit område med naboceller ved å først setja inn koordinat til den øvste, venstre cella, så eit kolon (:) og deretter koordinat til den nedste, høgre cella i området. For eksempel kan du adressere dei fire cellene øvst til venstre på arket med «A1:B2».

Ved å adressera området på denne måten, lagar du ein relativ referanse til A1:B2. Her betyr relativ at referansen til området vert endra automatisk når du kopierer formlane.

Absolutte adresser

Absolutte referansar er det motsette av relative adresser. Eit dollarteikn vert sett framføre kvar bokstav og kvart tal i absolutte referansar. For eksempel: «$A$1:$B$2».

tip

LibreOffice kan endra referansen for cella markøren står i på inndatalinja, frå relativ til absolutt og omvendt ved å trykkja på F4. Dersom cella inneheld ei relativ adresse som «A1» første gongen du trykkjer på tastekombinasjonen, vert både rada og kolonnen sett til absolutte referansar ($A$1). Den andre gongen vert berre rada absolutt (A$1) og den tredje gongen berre kolonnen ($A1). Om du trykkjer ei gong til, vert begge delar stilt tilbake til relative (A1).


LibreOffice Calc viser referansane til ein formel. Dersom du for eksempel trykkjer på formelen «=SUMMER(A1:C5;D15:D24)» i ei celle, vert dei refererte områda i arket utheva med ein farge. Såleis kan formelkomponenten «A1:C5» verta vist i blått og celleområdet verta vist med kantlinjer i same farge. Den andre komponenten, «D15:D24», kan verta markert i raudt på same måte.

Bruk av relative og absolutte referansar

Kva er spesielt med ein relativ referanse? Sett at du i cella E1 vil rekne ut summen av cellene i området A1:B2. Formelen du skriv inn i E1 vil då vera: «=SUMMER(A1:B2)». Skulle du seinare setja inn ei ny kolonne framføre kolonne A, ville det aktuelle området no verta B1:C2 og formelen ville vera flytt til F1 og altså ikkje vera i E1. Etter at du hadde sett inn den nye kolonnen, måtte du difor ha kontrollert og retta alle formlane i arket og kanskje også andre ark.

Heldigvis gjer LibreOffice dette for deg. Når du set inn ein ny kolonne A, vert formelen «SUMMER(A1:B2)» automatisk oppdatert til «SUMMER(B1:C2)». Rader vert også oppdatert automatisk når du set inn ei ny rad 1. Absolutte og relative referansar vert alltid justerte i LibreOffice Calc når refererte område vert flytt. Derimot må du vera forsiktig når du kopierer formlar. Då vert berre relative referansar endra, ikkje absolutte referansar.

Absolutte referansar vert brukte når utrekningane refererer til bestemte celler i arket. Dersom ein formel som refererer til akkurat desse cellene vert kopiert til cella ei rad nedanfor, vil også referansen peike til celler ei rad nedanfor dersom koordinata ikkje var absolutte.

Bortsett frå når nye rader og kolonnar vert sette inn kan referansar også forandra seg når ein formel som refererer til celler vert kopiert til eit anna område i arket. Tenk deg at du har skrive inn formelen «=SUMMER(A1:A9)» i rad 10. Vil du rekne ut summen i nabokolonnen til høgre, kopierer du heilt enkelt denne formelen til cella til høgre. Kopien av formelen i kolonne B vert automatisk endra til «=SUMMER(B1:B9)».

Støtt oss!