R1C1 Referansesyntaks for Calcformlar

Calc har støtte for både R1C1- og den meir brukte A1-notasjonen for cellereferansar.

R1C1-notasjonen er slått på i innstillingane for LibreOffice Calc.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel - LibreOffice Calc → Formel → Formelsyntaks.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Innstillingar → LibreOffice Calc → Formel → Formelsyntaks på fana Verktøy.

Frå tastaturet:

Alt + F12, og så LibreOffice Calc → Formel → Formelsyntaks.


R1C1-notasjonen

I A1-notasjonen vert kolonnar merkte med bokstavar og rader med tal. I R1C1-notasjonen vert det brukt tal for både kolonnar og rader.

Merknadsikon

I LibreOffice Calc vert i kolonnane merkte med tal i R1C1-notasjonen.


Difor vil cella A1 svara til R1C1, som betyr rad 1 og kolonne 1, og celle A2 svarar til R2C1, som er rad 2 kolonne 1.

Den verkelege skilnaden kjem fram når du skriv formlar og brukar ein referanse til andre celler.

I R1C1-notasjon er cellereferansar baserte på posisjonen i høve til den gjeldande cella.

Viss du for eksempel refererer cella B5 frå cella A1, vil R1C1-notasjonen visa R[4]C[1] som indikerer fire rader ned og ein kolonne mot høgre for den gjeldande cella.

Viss den gjeldande cella derimot er C3, vert den same cella (B5) referert til som R[2]C[-1], som betyr to rader ned og ein kolonne mot venstre.

Bruk av parentesar i R1C1-notasjon

Parentesar indikerer den relative forskyvinga frå den gjeldande cella.

Positive tal i parentesar representerer ei forskyving mot høgre for kolonnar og nedover for rader.

Begative tal i parentesar representerer ei forskyving mot venstre for kolonnar og oppover for rader.

Merknadsikon

Viss det ikkje er noko forskyving for ei rad eller ein kolonne (altså at forskyvinga er null), vert nullen fjerna i R1C1-notasjon. For eksempel vert ein referanse til ei celle i den same rada og to kolonnar mot venstre, skrive som RC[-2].


Absolutte og relative referansar R1C1-notasjon

Relative og absolutte referanser vert bevarte i R1C1-notasjonen. Tabellen nedanfor oppsummerer ekvivalensen. Den gjeldande cella er R3C3 (C3)

A1-notasjon

R1C1.notasjon

Referansetype

A1

R[-2]C[-2]

Relativ referanse

$A1

R[-2]C1

Relativ rad og absolutt kolonne

A$1

R1C[-2]

Absolutt rad og relativ kolonne

$A$1

R1C1

Absolutt referanse


Områdeuttrykk i R1C1-notasjon

Områdeoperatorar verkar på same måte som i A1 notation. Ein formel i cella R1C1 som summerer radene 1 til 10 i kolonne 3 vert skrive som =SUMMER(RC[2]:R[9]C[2]).

For å rekna ut summen av alle verdiane i kolonne 4 til 7, skriv =SUMMER(C[3]:C[6]) i R2C1.

Støtt oss!

Støtt oss!