LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan definera kva celleområde i eit rekneark som skal skrivast ut.
Cellene i arket som er utanom det markerte utskriftsområdet, vert ikkje skrivne ut eller eksporterte. Ark utan eit definert utskriftsområde vert ikkje skrivne ut eller eksporterte til PDF-filer unntatt dersom dokumentet er i Excel-format.
For filer som er opna i Excel-format, vert alle arka som ikkje inneheld eit definert utskriftsområde skrivne ut. Det same gjeld når du eksporterer Excel-fila til ei PDF-fil.
Marker cellene du vil skrive ut.
Vel Format → Utskriftsområde → Definer.
Vel cellene du vil leggja til det utskriftsområdet som finst frå før.
Vel Format → Utskriftsområde → Legg til.
Vel Format → Utskriftsområde → Slett.
I Førehandsvising av sideskift vert utskrifts- og sideskiftområde markerte med blå kantlinjer og inneheld eit midtstilt sidetal i grått. Områder som ikkje ert skrivne ut er markerte med grå bakgrunn.
Du kan definera eit nytt sideskiftområde ved å dra kantlinja til ein ny plass. Når du definerer eit nytt sideskiftområde, vert eit automatisk sideskift bytt ut med eit manuelt sideskift.
Vel Vis → Førehandsvising av sideskift.
Du kan endra forstørringa for førehandsvising av sideskift ved å dobbeltklikka på prosentverdien på statuslinja og velja ei ny forstørring.
Endra utskriftsområdet.
Du kan endra storleiken på eit utskriftsområde ved å dra kantlinja for området til ein ny stad.
Du kan fjerne eit manuelt sideskift frå utskriftsområdet ved å dra kantlinja til sideskiftet utanfor utskriftsområdet.
Du kan fjerne eit utskriftsområde ved å dra kantlinja for området til den motsette kantlinja for området.
Vel Vis → Normal for å lukke førehandsvisinga av sideskift.