Skrive ut rader eller kolonnar på kvar side

Viss du har eit rekneark som er så stort at det vert skrive ut på fleire sider, kan du velja bestemte rader eller kolonnar som skal gjentakast på kvar utskrive side.

Dersom du for eksempel vil skriva ut dei to øvste radene og den første kolonnen (A) på kvar side, gjer du slik:

  1. Vel Format → Utskriftsområde → Rediger. Dialogvindauget Rediger utskriftsområde vert opna.

  2. Trykk på knappen heilt til høgre i området Rader som skal gjentakast.

    Vindauget vert forminska slik at du kan sjå meir av arket.

  3. Merk dei to første radene og i dette eksempelet trykk på celle A1 og dra ho til A2.

    I det forminska vindauget står det no $1:$2. Radene 1 og 2 er nå rader som vert gjentekne.

  4. Trykk på knappen heilt til høgre for Rader som skal gjentakast for å gjenopprette vindauget.

  5. Dersom du vil at kolonne A også skal gjentakast, trykk på knappen heilt til høgre i området Kolonnar som skal gjentakast.

  6. Trykk på kolonne A (ikkje kolonneoverskrifta).

  7. Trykk igjen på knappen heilt til høgre for Rader som skal gjentakast.

note

Rader som skal gjentakast er rader i arket. Du kan definera topp- og botntekstar som skal skrivast ut på kvar side uavhengig av dette i Format → Sidestil.


Støtt oss!