Skrive ut ark liggjande
Det finst fleire interaktive val for skrive ut ark i Vis â Sideskift. Dra i skiljelinjene for Ă„ definera celleomrĂ„da som skal skrivast ut pĂ„ kvar side.
Du kan lage ei liggjande utskrift slik:
-
Opna arket du skal skrive ut.
-
Vel Format â Side.
Kommandoen er ikkje tilgjengeleg om arket vart opna som skriveverna. DÄ mÄ du i tilfelle trykkja pÄ Rediger fil pÄ Standard-linja.
-
Vel fana Side. Vel Liggjande under papirformat og trykk OK.
-
Vel Fil â Skriv ut. Vindauget Skriv ut vert opna.
Avhengig av skrivardrivaren og operativsystemet mÄ du mÄ kanskje trykkja pÄ Eigenskapar og endra innstillinga til liggjande utskrift.
-
Merk innhaldet som skal skrivast ut i fana Generelt i dialogvindauget Skriv ut:
Alle ark - Alle arka vert utskrivne.
Valde ark - Berre dei merkte arka vert skrivne ut. Alle arka som er merkte med namnet (pÄ arkfanene nedst pÄ sida) vert utskrivne. Du kan endra markeringane ved Ä halda nede CmdCtrl medan du klikkar pÄ eit arknamn.
Valde celler - Alle dei markerte cellene vert skrive ut.
-
Du kan velja kva sideomrÄde som skal skrivast ut av dei papirsidene som er eit resultat av utveljinga ovanfor:
All sidene - Alle sidene vert utskrivne.
Sider - Skriv kva sider som skal skrivast ut. Sidene vert nummererte frÄ fÞrste arket og utover. Dersom du i fÞrehandsvisinga ser at ark1 vil verta skrive ut pÄ 4 sider og du Þnskjer Ä skrive ut dei to fÞrste sidene av Ark2, skriv 5-6 her.
Dersom du har definert eitt eller fleire utskriftsomrĂ„de i Format â UtskriftsomrĂ„de, vert berre innhaldet i desse utskriftsomrĂ„da skrive ut.