Bestemme kor mange sider som skal skrivast ut

Dersom eit ark et for stort til å verta skrive ut på éi side, fordeler LibreOffice Calc arket over fleire sider. Dersom du ikkje er nøgd med det automatiske sideskiftet, kan du overstyra valet og bestemma sidefordelinga sjølv.

  1. Opna arket du skal skrive ut.

  2. Vel Vis → Sideskift.

  3. Du kan sjå den automatiske fordelinga av arket over utskriftssidene. Desse utskriftsområda er merkte med mørkeblå linjer medan dei sjølvvalde er merkte med lyseblå linjer. Sideskifta (linjeskift og kolonneskift) er merkte med svarte linjer.

  4. Du kan flytta dei blå linjene med musa. Det er fleire val i sprettoppmenyen, mellom anna kan du leggja til fleire utskriftsområde, fjerna skalering og setja inn fleire linje- og kolonneskift.

Støtt oss!