LibreOffice 24.8 Hjelp
Når du skriv ut rekneark, kan du velja kva som skal skrivast ut:
Rad- og kolonneoverskrifter
Arkrutenett
Kommentarar
Objekt og bilete
Diagram
Teikneobjekt
Formlar
For å velja kva som skal skrivast ut kan du gjera slik:
Vel arket du vil skrive ut.
Vel Format → Sidestil.
Kommandoen er ikkje tilgjengeleg om arket vart opna som skriveverna. I så fall må du trykkja på Rediger fil på Standard-linja.
Vel fana Ark. Marker kva som skal skrivast ut i området Utskrift og trykk OK.
Skriv ut dokumentet.