LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan leggja ein merknad til kvar celle ved å bruka Set inn → Merknad. Merknaden vert indikert med ein liten raud firkant, merknadsindikatoren, inne i cella.
Merknaden er synleg kvar gong musepeikaren er over cella.
Når du merkjer cella kan du velja Vis merknad frå sprettoppmenyen (høgreklikk) for cella. Dette gjer at merknaden vert synleg heile tida. Du kan slå visinga av igjen ved å klikka på Vis merknad ein gong til.
Du kan redigera ein merknad som vert vist heile tida ved å klikka på han. Slettar du all tekst, vert også merknaden sletta.
Flytt eller skaler kvar merknad etter behov.
Formater kvar merknad ved å betsemme bakgrunnsfarge, gjennomsikt, kantstil og tekstjustering. Vel kommandoane frå lokalmenyen for merknaden
For å visa eller gøyma merknadsindikatoren, vel du LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Calc → Vis og markerer eller fjernar markeringa for Merknadsindikator.
Du kan vise tipstekst for ei vald celle ved hjelp av Data → Gyldigheit → Hjelp om inndata.