LibreOffice 25.2 Hjelp
Arkfana for det gjeldande arket er alltid synleg i kvitt framføre dei andre arkfanene. Dei andre arkfanene er grå når dei ikkje er markerte. Du kan velja fleire ark ved å trykkja på arkfanene medan du held tasten CmdCtrl nede.
For å velja fleire ark kan du bruka Shift-tasten + CmdCtrl + Page Up eller Page Down.
For å gjere om merkinga av eit ark klikkar du på fana for arket medan du held nede CmdCtrl-tasten. Det arket som er synleg kan ikkje fjernast frå utvalet.
Du kan referera til eit arkområde i ein formel ved å spesifisera det første og siste arket i området. For eksempel legg =SUMMER(Ark1.A1:Ark3.A1) saman alle A1-celler i arka Ark1 til Ark3.