Navigera gjennom arkfaner

Som standard viser LibreOffice eitt ark «Ark1» i kvart nytt reknearkdokument. Du kan leggja til ark ved å bruka (+)-knappen nedst på skjermen og byta mellom ark i eit rekneark ved å bruka arkfanene.

note

Viss arkfanene ikkje er synlege, vel → LibreOffice Calc → Vis → Arkfaner for å visa dei nedst på skjermen.


Arkfaner

Arknavigasjonsknappar

Navigasjonsknappane vert slått på når talet på ark i dokumentet er større enn talet på ark som vert viste i arknavigasjonslinja.

Bruk navigeringsknappane for å visa arka i dokumentet. Trykk på knappen heilt til venstre eller heilt til høgre for å visa fana for det første eller det siste arket. Knappane i midten vert brukte for å rulle framover eller bakover gjennom alle fanene.

Ikon Nytt ark

Venstreklikk: Legg til eit nytt, tomt ark til høgre for det gjeldande arket.

Høgreklikk: Opnar ein undermeny med alle arka som ikkje er merkte som gøymde. Klikk på eit arknamn for å gå til det. Gøymde ark er ikkje oppførte i undermenyen.

Støtt oss!