Flytte celler ved å dra og sleppe

Når du dreg og slepp eit utval av celler, rader eller kolonnar i eit Calc-rekneark, vil cellene, medrekna dei i dei valde radene eller kolonnane, normalt overskriva cellene i slepp-området. Dette er den normale overskrivingsmodusen.

For å dra og sleppa heile rader eller kolonnar må du først merkja radene eller kolonnane du ønskjer å flytta (eller kopiera). Deretter kan du dra frå merkte celler, ikkje frå rad- eller kolonneoverskrifta. (Klikkar du på overskriftene, vert merkinga av rada eller kolonnen slått av).

Dersom du held nede -tasten når du slepp museknappen, går du over i innsetjingsmodus.

  1. I innsetjingsmodus vert cellene som finst der du slepp cellene, flytt til høgre eller ned og cellene du slepp vert sette inn i dei nå tomme plassane utan å overskrive noko.

  2. Boksen rundt cellene som vert flytte ser annleis ut i innsetjingsmodus.

    I overskrivingsmodus ser du alle dei fire kantane rundt det valde området. I innsetjingsmodus er berre den venstre kanten synleg dersom målcellene vert flytte til høgre. Berre den øvre kanten er synleg når målcellene vert flytt ned.

    Om området vert flytt til høgre eller ned er avhengig av avstanden mellom kjelda og målcellene dersom du flytter innføre eit ark. Dersom du flytt til eit anna ark, er retninga bestemt ut frå kor mange vassrette og loddrette celler det er i området som vert flytt.

  3. Dersom du flytter celler i innsetjingsmodus innan den same rada (berre vassrett), vert alle cellene flytte til venstre for å fylla kjeldeområdet.

I begge modus kan du halda nede -tasten eller tastekombinasjonen + Shift medan du slepp museknappen for å setja inn ein kopi eller ei lenkje.

Tastar som vert haldne nede når museknappen vert sloppe

Resultat

Ingen tast

Celler vert flytte og overskriv cellene i målområdet. Kjeldecellene vert tømt.

-tatsen

Celler vert kopierte og overskriv cellene i målområdet. Kjeldecellene vert uendra..

+ Shift

Lenkjer til kjeldecellene vert sett inn og overskriv cellene i målområdet. Kjeldecellene vert ikkje endra.

Celler vert flytte og gjer at cellene i målområdet vertr flytt til høgre eller ned. Kjeldecellene vert tømt, unntatt når du flyttar innan fen same rada og det same arket.

Dersom du flyttar innan den same rada og det same arket, vert cellene i målområdet flytt til høgre, og deretter vert heile rada flytt for å fylle kjeldeområdet.

-tastane

Cellene vert kopierte og flytter cellene i målområdet til høgre eller ned. Kjeldecellene vert ikkje endra.

+Shift

Lenkjer til kjeldecellene vert sette inn, og cellene i målområdet vert flytte til høgre eller ned. Kjeldecellene vert ikkje endra.


Støtt oss!