LibreOffice 24.8 Hjelp
Det følgjande er eit eksempel på korleis du kan skrive inn ein matriseformel utan å gå inn på detaljer om matrisefunksjonar.
Gå ut frå at du har skrive inn 10 tal i kolonne A og B (A1:A10 og B1:B10) og vil rekne ut summen av kvar rad i Kolonne C.
Bruk datamusa og merk området C1:C10 som du vil vise resultata i.
Trykk på F2 eller trykk på inndatalinja på formellinja.
Skriv inn eit likskapsteikn (=).
Marker området A1:A10 som inneheld dei første verdiane i summeringsformelen.
Trykk på pluss-tasten.
Marker det andre området, B1:B10.
Avslutt innskrivinga med tastekombinasjonen for matriser: Shift + CmdCtrl + Enter.
Matriseområdet vert automatisk verna mot endringar som for eksempel sletting av rader eller kolonnar. Det er likevel mogleg å endra kva formatering som helst, som til eksempel cellebakgrunnen.