Frysa rader eller kolonnar som overskrifter

Dersom du har lange rader eller kolonnar av data som går ut over det synlege området for reknearket, kan du frysa dei fast slik at dei er synlege medan du rullar gjennom resten av dataa.

  1. Merk rada under eller kolonnen til høgre for rada eller kolonnen du vil frysa. Alle rader over eller kolonnar til venstre for utvalet vert frose.

    Dersom du vil fryse både kolonnar og rader, merker du cella som er under rada og til høgre for kolonnen du vil frysa.

  2. Vel Vis → Frys celler → Frys rader og kolonnar

    Du fjernar frysinga ved å bruka Vis → Frys celler → Frys rader og kolonnar igjen.

Merknadsikon

Dersom det skal kunne rullast i det definerte området, bruk kommandoen Vis → Del vindauge.


Merknadsikon

Dersom du vil skriva ut ei bestemt rad på alle sidene i dokumentet, vel du Format → Utskriftsområde → Rediger.


Støtt oss!