Lesing av JSON- og XML-filer i LibreOffice Calc

LibreOffice Calc knyt automatisk generiske XML- og JSON-dokument med lenkjeområde til individuelle ark. Viss eit dokument inneheld fleire lenkjeområde, vert kvart område tilordna eit eige ark.

Merknadsikon

Eit lenkjeområde er ein del av eit dokument som inneheld tabellpostar.


Opna ei JSON- eller XML-fil med eit område som kan lenkjast.

  1. Vel Fil → Opna

  2. Finn JSON- eller XML-fila du vil opna.

  3. Klikk på Opna.

Merknadsikon

Strukturen til dei opphavlege dataa i kjeldedokumentet er ikkje avgrensa, sidan dei vert analyserte og knytt til arket automatisk. Denne prosessen vert utført etter beste evne og fungerer kanskje ikkje alltid.


Støtt oss!

Støtt oss!