LibreOffice 25.2 Hjelp
Det er fleire måtar å skrive inn tal som byrjar med nullar:
Skriv inn talet som tekst. Den enklaste måten er å skriva inn talet med ein apostrof (') framføre (for eksempel '0987). Apostrofen vert ikkje vist i cella og talet vert formatert som tekst. Men sidan det er i tekstformat, kan du ikkje bruka det i utrekningar.
Formater ei celle med talformat som \0000. Dette formatet kan tildelast i feltet Formatkode på fana Format → Celler → Tal og definerar cellevisinga som «sett alltid ein null først, og så talet som eit heiltal med minst tre siffer. Om det er mindre enn tre siffer, fyll inn med nullar frå venstre».
Dersom du vil bruka eit talformat for ein kolonne med tal i tekstformat (for eksempel at teksten «'000123» vert til talet «123»), gjer du slik:
Marker kolonnen med dei tekstformaterte tala. Set celleformatet i kolonnen til «Tal».
Vel Rediger → Søk og bytt ut
Skriv inn ^[0-9] i feltet Søk etter
Skriv inn & i feltet Byt ut med
Avkryss Regulære uttrykk
Kryss av for Berre gjeldande markering
Trykk på Byt ut alle