LibreOffice 25.2 Hjelp
LibreOffice Calc lagrar alle arka i eit Calc-dokument samla som eit HTML-dokument. I byrjinga av HTML-dokumentet vert det automatisk lagt inn ei overskrift og ei liste med hyperlenkjer som peikar til kvart einskild ark i dokumentet.
Tal vert viste slik dei er skrivne. I tillegg vert den nøyaktige verdien sett inn i HTML-taggen <SDVAL> slik at når du opnar HTML-dokumentet med LibreOffice veit du at du har dei nøyaktige verdiane.
Vel Fil → Lagra som for å lagra eit Calc-dokument som HTML.
Vel filtypen «HTML-dokument (LibreOffice Calc)» i Filtype-lista i området med andre filter for LibreOffice Calc filter.
Skriv inn eit Filnamn og vel Lagra.
LibreOffice har ulike filter for å opna HTML-filer som du kan velja i Filtype-lista i Fil → Opna:
Vel filtypen «HTML-dokument (LibreOffice Calc)» for å opna fila i LibreOffice Calc.
Alle vala i LibreOffice Calc er nå tilgjengelege, men ikkje alle redigeringsvala LibreOffice Calc tilbyr kan lagrast som HTML.