Å tilpasse verdiar

Ved hjelp av Tilpass verdiar kan du rekna ut ein verdi som gjev eit vald resultat når han er ein del av ein formel. Du skriv inn formelen med konstante verdiar og ein ukjent og det ønskte resultatet av formelen.

Eksempel på verditilpassing

For å rekne ut ei årleg rente i kroner (R) lagar du ein tabell med verdiar for kapital (K), talet på år (n) og rente i prosent (r). Formelen vert:

R = K * n * r

Gå ut frå at renta r er på 7,5 % og talet på år n (1) er konstante. Du vil heller vita kor stor investeringskapitalen K må vere for å få ein bestemt gevinst R. I dette eksempelet skal vi rekna ut kor mykje kapital K som må til for å oppnå ein årleg gevinst på 15 000 kr.

Skriv inn verdiane for kapital K (ein vilkårleg verdi som 100 000 kr), talet på år n (1) og renta r (7,5 %) i kvar si celle. Skriv inn formelen for å rekne ut renta i kroner R i ei anna celle. I staden for K, n og r set du inn referansar til cellene med dei tilsvarande verdiane.

  1. Plasser markøren i cella som inneheld renta R og vel Verktøy → Tilpass verdi. Dialogvindauget Tilpass verdi kjem fram.

  2. Den korrekte cella er set inn i feltet Set cella frå før.

  3. Set markøren i feltet Variabel celle og trykk på cella som inneheld verdien som skal endrast. I dette eksempelet er det cella med kapitalen K.

  4. Skriv inn resultatet av formelen i feltet til verdien. I dette eksempelet er verdien 15 000. Klikk på OK.

  5. Det kjem då opp eit vindauge med melding om at tilpassinga lukkast. Klikk på Ja for å leggja resultatet inn i cella med den variable verdien.

Støtt oss!