LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan skriva inn ein brøk i ei celle og bruka han i utrekningar:
Skriv inn «0 1/5» i ei celle (utan hermeteikna) og trykk på Enter. På inndatalinja over reknearket kan du sjå verdien 0,2 som vert brukt i utrekningane.
Om du skriv inn «0 1/2», vil autorettinga omforme dei tre teikna 1, / og 2 til eitt teikn (½). Det same gjeld for 1/4 og 3/4. Desse erstatningane er definerte i fana Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting → Innstillingar
Dersom du vil visa fleirsifra brøkar som for eksempel «1/10», må du byta celleformatet til fleirsifra brøk-vising. Opna lokalmenyen til cella og vel Formater celler. Vel «Brøk» i lista Kategori og vel så «-1234 10/81». Du kan nå skriva inn brøkar som 12/31 eller 12/32 – men brøkane vert forkorta automatisk, så i det siste eksempelet vert resultatet vist som 3/8.