Å rekne med formlar

Alle formlar byrjar med eit likskapsteikn. Formlane kan innehalda tal, tekst, matematiske operatorer, logiske operatorer eller funksjonar.

Tipsikon

Hugs at dei enkle matematiske operatorene (+, -, *, /) kan verta brukte i formlar og følgjer regelen «multiplikasjon og divisjon før addisjon og subtraksjon». I staden for å skriva «=SUMMER(A1:B1)» kan du skriva «=A1+B1».


Tipsikon

Det kan også brukast parentesar. Formelen «=(1+2)*3» gjev eit anna resultat enn «=1+2*3».


Her er nokre eksempel på formlar i LibreOffice Calc:

=A1+10

Viser innhaldet i celle A1 pluss 10.

=A1*16%

Viser 16 % av innhaldet i A1.

=A1 * A2

Viser resultatet av å multiplisera innhaldet i A1 med innhaldet i A2.

=AVRUND(A1;1)

Viser innhaldet i celle A1 runda av til ein desimal.

=EFFEKTIV(5%;12)

Reknar ut den effektive renta for ei årleg nominell rente på 5% med 12 innbetalingar i året.

=B8-SUMMER(B10:B14)

Reknar ut B8 minus summen av cellene B10 til B14.

=SUMMER(B8;SUMMER(B10:B14))

Reknar ut summen av cellene B10 til B14 og legg til verdien i B8.


Det er også mogleg å nøsta funksjonar i formlar som vist i eksempelet. Du kan også nøsta funksjonar i funksjonar. Funksjonsvegvisaren kan hjelpe deg med nøsta funksjonar.

Støtt oss!