Å skrive inn formlar

Du kan skriva inn formlar på ulike måtar: bruka knappane, skriva med tastaturet eller ei blanding av begge delar.

  1. Trykk på cella der du vil skrive inn ein formel.

  2. Trykk på knappen Funksjon på formellinja.

    Du får nå sjå eit likskapsteikn på inndatalinja og du kan byrja å skrive inn formelen.

  3. Når du har skrive inn dei nødvendige verdiane, trykkjer du Enter eller vel Aksepter for å setja inn resultatet i den valde cella. Vil du fjerna det du har skrive inn, trykkjer du Escape eller vel Avbryt.

Du kan også skrive verdiar og formlar rett inn i cella sjølv om du ikkje kan sjå skrivemarkøren. Formlar må alltid byrja med eit likskapsteikn.

Du kan også trykkja på pluss- eller minustastane på taltastaturet for å byrja ein formel. Pass på at «Num Lock» er slått på. Trykk for eksempel desse tastane etter kvarandre:

+ 5 0 - 8 Enter

Resultatet vert 42. Cella inneheld formelen =+50-8.

Merknadsikon

Viss du redigerer ein formel med referansar, vert referansane og dei tilhøyrande cellene utheva med den same fargen. Du kan endra storleiken på referansekantane ved hjelp av datamusa. Om du gjer dette, vert også referansen i formelen vist i innskrivingfeltet endra. Du kan slå av Vis referansane i fargar i LibreOffice Calc → Vis.


Tipsikon

Viss du vil sjå utrekningane i einskilde delar av ein formel, markerer du dei respektive elementa og trykkjer F9. For eksempel i formelen «=SUMMER(A1:B12)*SUMMER(C1:D12)» merkjar du delen «SUMMER(C1:D12)» og trykkjer på F9 for å visa delsummen i utrekninga.


Dersom det oppstår ein feil når du lagar ein formel, vert det vist ei feilmelding i den merkte cella.

Støtt oss!