Kopiera formlar

Det er fleire måtar å kopiera formlar på. Ein føreslått metode er:

  1. Marker cella som inneheld formelen.

  2. Vel Rediger → Kopier eller trykk på + C for å kopiera den.

  3. Marker cella du skal kopiera formelen til.

  4. Vel Rediger → Lim inn eller trykk på + V. Formelen vert plassert i den nye cella.

Viss du vil kopiera ein formel til fleire celler, finst det ein rask og enkel måte å kopiera til naboceller på:

  1. Marker cella som inneheld formelen.

  2. Set musepeikaren over handtaket nedst til høgre i den merkte cella og hald inne museknappen til peikaren vert eit trådkorssymbol.

  3. Medan du held inne museknappen, dra musa ned eller til høgre til du dekker alle cellene du vil kopiera formelen til.

  4. Når du slepp museknappen, vert formelen kopiert automatisk til cella og vert også justert automatisk.

Dersom du ikkje vil at verdiar og tekst skal justerast automatisk, hald nede -tasten medan du dreg. Formlar vert derimot alltid justerte automatisk.

Støtt oss!