Sjølvvalde talformat

Du kan laga dine eigne talformat for visinga av tal i LibreOffice Calc.

Dersom du for eksempel vil vise talet 10 200 000 som 10,2 mill. gjer du slik:

  1. Merk cellene du vil bruka eit nytt, sjølvvald format på.

  2. Vel Format → Celler → Tal.

  3. Vel «Brukardefinert» i lista Kategoriar.

  4. Skriv denne koden i tekstfeltet Formatkode:

    0,0 " mill."

  5. Trykk OK.

Denne tabellen viser effekten av avrunding, tusenskilje (.), desimalteikn (,) og plasshaldarane # og 0.

Tal

,# " mill."

0,0 " mill."

# " mill."

10200000

10,2 mill.

10,2 mill.

10 mill.

500000

,5 mill.

0,5 mill.

1 mill.

100000000

100, mill.

100,0 mill.

100 mill.


Støtt oss!