Formatera tal med desimalar

Skriv inn eit tal i eit ark, for eksempel 1234,5678. Dette talet vert vist i standardformatet for tal med to desimalar. Du vil altså sjå 1234,57 når du bekreftar innskrivinga. Det er berre visinga i dokumentet som er avrunda. Internt i reknearket vil talet ha alle dei fire desimalane.

Slik formaterer du desimaltal:

  1. Merk talet og vel Format → Celler for å opne vindauget Celleeigenskapar.

  2. I fana Tal vil du kunna sjå eit utval av førehandsdefinerte talformat. Nede til høgre i vindauget kan du sjå ei førehandsvising av korleis talet vert vist dersom du vel eit bestemt format.

Ikon

Dersom du berre vil endra talet på desimalar som vert viste, er den enklaste måten å bruka knappane Talformat: Legg til tal bak komma eller Talformat: Fjern tal bak komma på formateringslinja.

Støtt oss!