Formatera rekneark

Formatera tekst i eit rekneark

  1. Merk teksten du vil formatera.

  2. Vel dei ønskte teksteigenskapane i Formateringslinja. Du kan også velja Format → Celler. Dialogvindauget Celleeigenskapar kjem fram slik at du kan velja mellom ulike teksteigenskapar på fana Skrift.

Formatera tal i eit rekneark

  1. Marker cellene som inneheld tala du vil formatera.

  2. Trykk på knappane på Formateringslinja for å formatera tal som standardvaluta eller som prosent. For andre format vel du Format → Celler. Du kan velja førehandsvalde format eller definera dine eigne på fana Tal.

Formatera kantlinjer og bakgrunnar for celler og sider

  1. Du kan tildela eit format til ei cellegrupper ved å først merkja cellene (for å merkja fleire cellegrupper, hald nede når du klikkar) og så slå på dialogvindauget Celleeigenskapar frå Format → Celler. I dette dialogvindauget kan du velja innstillingar som for eksempel tekst med skugge eller velja bakgrunnar.

  2. For å formatera heile reknearket, vel du Format → Sidestil. Her kan du for eksempel setja inn topp- og botntekstar som skal visast på kvar utskriven side.

Merknadsikon

Eit bilete som du har lasta ned med Format → Sidestil → Bakgrunn er berre synleg i utskrift eller i førehandsvisinga. For å visa eit bakgrunnsbilete også på skjermen, set inn det grafiske biletet ved å velja Set inn → Bilete og set biletet bak cellene ved å velja Format → Still opp → Til bakgrunnen. Bruk navigatoren for å velja bakgrunnsbiletet.


Støtt oss!